Grunnen til at eg skriver dette er at eg er har stått i kø, eg har fått med meg prosessen som har skjedd i det politiske og administrative. Og nok ein gong har eg i dag vore vitne til folk som har brukt opp mot 5 timar heim frå jobb – fordi at brua er stengt pga vind!
Det er vedtatt at me skal få eit nytt fastlandssamband vest for Bergen; kommunane Fjell, Sund og Øygarden. Vedtaket om korleis, kor og kor tid dette skal komme på plass følar eg er blitt gjort med skylappar på. Det skal seiast at eg er ingen ekspert verken på infrastruktur, økonomi eller andre ting. Eg er berre innbyggar frå Sund og ein dagleg brukar av dagens Sotrasamband.
Kvar dag er det ca 30 000 kjøretøy som kjører over brua – som er det einaste alternativet omlag 35 000 innbyggarar har for å komme seg til og frå øysamfunnet. For ikkje å nemne alle som har arbeidsplassane sine her ute. Alle skal inn på eit felt på ein veg som i tillegg blir samkjørt med alle som kjem frå Askøy når vegen først får to felt. Dette er einaste måten for over 70 000 menneske å komme til Bergen, Flesland og alle andre stadar i omeng.
Eg veit at vedtaket som er gjort er at det skal komme ei ny bru, med fleire felt – rett ved siden av dagens bru! Eg er ikkje enig med dette, og har gjort mine tankar om kva som burde gjerast.
Mine tankar om korleis dette sambandet burde bli er følgande:
Tunnel lengre sør enn det eksisterande samabandet.
Orsakar til kvifor:
Framtidsretta. Sotra og Øygarden er eit område i stor utbygging og stor auke i innbyggartal. Med ein tunnel over til Kokstad vil det bli kortare veg til Bergen sør, Bergen og sørover til Stavanger. Dette vil gjere øysamfunnet enda meir attraktivt å busetja seg på. Det vil bli meir lønnsomt for næringslivet.
Tryggleik for innbyggarane. I dag er det som sagt eit alternativ å komme seg til Bergen. Det er ingen omkjøringsmuligheter ( foruten ei ferga som tar 8 bilar og brukar 40 min til Hjellestad). Skjer det noko, så her me låst her ute. Det eine sambandet er som ei hovudpulsåre. Når denne vert blokkert er det drepande. Denne eine hovudpulsåra strekker seg ganske langt ut på Sotra, og omhandlar ikkje berre brua. For at me ikkje skal bli så låst når det skjer noko, eller det blir sterk vind (som det er sagt det berre vil komme meir av), må me ha meir enn eit festepunkt til fastlandet. Når det har skjedd noko og me er låst her ute – så er det berre helikopter som kan frakte sjuke, fødande og anna av øyene.
Tungtrasport og omkjøring. Det er mykje tungtrafikk som går til og frå Sotra og Øygarden. Det er oljenæring, fiskeriundstri og anna næringsliv som er avhengig av transport som skjer ved hjelp av kjøretøy. Ein tunnel i sør vil avlaste trafikken som går i og rundt Bergen/omeng. Og eg trur at det vil gje ein smidigare trafikk, både i Bergen sentrum, til Åsane, Stavanger og Kokstad, Askøy og ikkje minst til Sotra og Øygarden!
Dette er som sagt skrevet av ei vanlig jenta på kysten- så det er ingen harde fakta eller konsekvensar som er forska på. Dette er berre mine meiningar og tankar. Og eg meinar at dette betyr noko for mi framtid – og for alle andre som er busatt på Sotra og Øygarden si framtid.
Me treng ei anna løysing enn det som er vedtatt som gir oss eit trygt fastlandsamband!
Eg meinar det burde komme ein tunnel !
Kommenter innlegget